Kontakt
Oppstryn - Copyright: Anne Armas/JNPS
Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Like vest for Jostedalsbreen nasjonalpark, mellom steile fjell ved Strynevatnet, ligg Jostedalsbreen nasjonalparksenter.

Utanfor senteret ligg det ein nyopna geologisk park og ein botanisk hage med 400 artar, dei fleste vekst vilt i området. Innomhus kan ein sjå et  bildespel frå nasjonalparken og utstillingar om bre og skred, geologi, dyr og planter.


Nasjonalparksenteret vart opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.

Hovedbygninga til Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er sett opp etter same prinsipp som eit vikinghus og er omtrent like stor som det største vikinglanghuset som er funne i Noreg. I kontrast til det gamle langhuset ligg kinosalen i moderne stil i polert norsk stein, Larvikitt. Dette symboliserer møtet mellom fortida og framtida; ein må byggje på fortida for å ta vare på framtida.

Tilbod

  • Panoramafilm om Jostedalsbreen
  • Utstillingar om skred, geologi og landskapet, botanikk og zoologi.
  • Botanisk hage med 400 namneskilta ville blomster. Anlagt av prof. Olav Gjærevoll i 1994.
  • 12 ulike natur-og kulturstiar.
  • Geologisk park med steinar frå alle kommunane i Sogn og Fjordane.
  • Undervisningsopplegg for grunnskulen i tilknytning til hagen og naturstigane
  • Kafè
  • Suvenirbutikk

Organisering
Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er organisert som ei stifting med partane: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Stryn kommune, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Norges Geoteknisk Institutt, Den norsk Turistforening, Norsk Botanisk Forening og Nordfjord Folkemuseum.

Les meir på nettsidene til Jostedalsbreen nasjonalparksenter

 
Jostedalsbreen nasjonalparksenter - Copyright: R Bierach
Jostedalsbreen nasjonalparksenter i Oppstryn. Foto: Raoul Bierach
JNPS_blomst (278 x 191) - Copyright: A Armas/Jostedalsbreen nos
Reinrose er ein av 400 artar som vert presentert i den botaniske hagen. Foto: Anne Armas
Jostedalsbreen nasjonalparksenter (309 x 240) - Copyright: Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Undervisning i den botaniske hagen. Foto: Jostedalsbreen nasjonalparksenter
Jostedalsbreen nasjonalparksenter - Copyright: Roger Vik
Steinparken har steinar frå alle kommunane i Sogn og Fjordane, presentert på ein spenstig måte. Foto: Roger Vik
 


Jostedalsbreen nasjonalparksenter


6799 Oppstryn
tlf: 57877200
faks: 57877201 

e-post:
post@jostedalsbre.no

eigne nettsider:
www.jostedalsbre.no

Liet kart Jostedalsbreen nasjonalparksenter - Copyright: DN. - Klikk for større kart