Hardangervidda Nasjonalparksenter ligg ved Møsvatn i Tinn kommune, ved inngangen til Hardangervidda frå aust.
Senteret, som er teikna av den norsk-islandske sivilarkitekten Gudmundur Jonsson, blei autorisert av DN og opna i august 2000.
Senteret har vore stengt ei stund, men er no ope for grupper og skuleklassar og ved ulike arrangement. Senteret vil bli del av Norsk Villreinsenter Sør, som er etablert i same bygg. Det vil bli utvikla nye tilbod som ein del av villreinsenteret, t d filmar og ei heilt ny utstilling med tema villrein. Nasjonalparkinformasjon vil også bli eit viktig element ved senteret. Les meir om Norsk Villreinsenter
Målsetting for Hardangervidda Nasjonalparksenter (2000)
- auke forståinga av det økologiske samspelet og gje kunnskap om menneskeleg påverking på miljøet
- fremme forståinga av vern av sårbare naturtyper og artar
- formidle kunnskap om særtrekk i natur
- ivareta lokale kulturhistoriske interesser knytt til kulturlandskap og kulturminne i nasjonalparken og lokale kultur- og handverktradisjonar
- stimulere interesse for natur og legge til rette for positive naturopplevingar
- bidra til å kanalisere ferdsel i nasjonalparken og fremme eit enkelt friluftsliv
- formidle målsettingane i den statlege miljøvernpolitikken
- auke forståinga for nasjonalparkane si samfunnsmessige tyding.
- bidra til god dialog og gjensidig forståing mellom lokalbefolking og forvaltningsstyresmakter
- medverke til styrking av kultur og identitet knytt til lokal økologisk kunnskap og tradisjonell naturbruk i nasjonalparken
|
|

Hardangervidda nasjonalparksenter Møsvatn. Foto: Knut Nylend
|

Fjellrev på Hardangervidda. Foto: Knut Nylend
|

Hovudfokus ved senteret har vore - og vil bli - villrein. Foto: Hardangervidda nasjonalparksenter
|

Utstilling om Helge Ingstad. Foto: Hardangervidda nasjonalparksenter
|
| |
|