Kontakt
Utsikt frå Gertvasstind, Jotunheimen NP - Copyright: Tom Dybwad
Norsk Fjellmuseum
Norsk Fjellmuseum er nasjonalparksenter for Jotunheimen. Senteret ligg i Lom sentrum, ein viktig innfallsport til Jotunheimen.

Norsk Fjellmuseum ynskjer å synleggjere korleis samspelet mellom menneske og natur har utvikla seg frå fangstkultur til våre dagars masseturisme, rekreasjon og ressursbruk.
Fjellmuseet vart opna i 1994 og autorisert som nasjonalparksenter i 1997.


Målsetting

Norsk Fjellmuseum skal:
  • arbeide for å verne kultur- og naturverdiar i fjellområde gjennom innsamling, dokumentasjon, forsking, formidling og informasjon
  • vere eit informasjonssenter for nasjonalparkane og andre anlegg og samlingar knytt til livet i fjellet 
  • vere ein stad for oppleving, læring og allmenn kulturell verksemd, med særleg vekt på samspelet i naturen og mellom menneske og natur.

Tilbod
Norsk Fjellmuseum tilbyr:

  • Faste utstillingar med tema ”Jotunheimen”, ”Norsk Høgfjell” og ”Mammut”.
  • Biletspela ”Vatn frå fjell til fjord” og ”Årstider i fjellet”, filmane ”Eit fjelleventyr” og ”Klatring i Store Skagastølstind 1919”.
  • Multimediaprogrammet ”Mogop” som fortel om Norges nasjonalparkar, vassdraga våre og turmoglegheiter i Jotunheimen.
  • Utstilling av jaktvåpen og reinsgevir
  • Skiftande utstillingar i sommarsesongen
  • Barnekrok og skattegrotte
  • Museumsbutikk
  • Turistinformasjon

Organisering
Fjellmuseet er organisert som ei stifting med følgjande stiftarar: Lom kommune, Statskog Øst-Norge, Noregs naturvernforbund, Den norske Turistforening (DNT), Norsk Tindeklubb, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Høgskolen i Lillehammer, Universitetet i Bergen, Norges Fjellstyresamband, Norges jeger- og fiskeforbund, Landbrukssamvirkets Felleskontor, Norges Almenningsforbund, Norsk Botanisk Forening.

Les meir på nettsidene til Norsk Fjellmuseum

 
Norsk Fjellmuseum - Copyright: Esben Bø
Norsk Fjellmuseum ligg sentralt i Lom sentrum. Foto: Esben Bø
På tur over Besseggen - Copyright: Karen Waagø
På tur over Besseggen i Jotunheimen. Foto: Karen Waagø.
interiør fra Norsk Fjellmuseum - Copyright: Mick Sheard/Visus
Fra Fjellmuseets faste utstilling om fjellturisme bruken av fjellet. Foto: Mick Sheard/Visus
På toppen av Dyrhaugsryggen  - Copyright: Kristin S Karlsen
På toppen av Dyrhaugsryggen. Foto: Kristin S. Karlsen
 


Norsk Fjellmuseum


postboks 5
2688 Lom
tlf: 61 21 16 00
faks: 61 21 17 30

e-post:
post@fjell.museum.no

egne nettsider:
fjell.museum.no

Klikk på kartet for å finne Norsk Fjellmuseum - Copyright: DN. - Klikk for større kart