|
Is, bre og klima er hovudtema for utstillingane ved Norsk Bremuseum.
Senteret, som ligg i Fjærland på sørsida av Jostedalsbreen, er eit "aktivitetsmuseum" der ein kan gjere eigne eksperiment med 1000 år gamal breis og oppleve Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen. I juli 2007 opna eit nytt senter i tilknytning til Bremuseet; Ulltveit-Moes senter for klimaviten. Det nye senteret skal gje ei opplevingsreise i klima frå 4 milliardar år sidan og fram til 2100.
Bremuseet vart opna i 1991 og autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen i 1997. Alle bygga ved Bremuseet er signert arkitekt Sverre Fehn.
Målsetting Føremålet til Norsk Bremuseum er å samle, skape og spreie kunnskap om snø, is og brear. Stiftinga si verksemd omfattar både naturvitskaplege og kulturhistoriske fagfelt. Bremuseet skal dekke eit informasjonsbehov både for dei som kan lite om brear og klima og dei som har mykje kunnskap om desse tema.
Tilbod
- utstillingar med hovudtema snø, is og brear
- nasjonalparkinformasjon
- spesialutstilling om klima
- utstilling om Antarktis
- skuleteneste
- eit eige skulebygg med laboratorium og nasjonalparkinformasjon
- møtelokale for inntil 50 personar med audiovisuelt utstyr
Organisering Norsk Bremuseum er ei privat stifting oppretta i 1989 av Den Norske Turistforening, International Glaciological Society, Norges vassdrags- og energidirektorat, Norsk Polarinstitutt, Høgskulen i Sogn og Fjordane, Universitetet i Bergen og Universitetet i Oslo.
Les meir på nettsidene til Norsk Bremuseum
|
|

Norsk Bremuseum. Foto: Finn Loftesnes
|

Tak møter fjell ved Norsk Bremuseum. Foto: Ole Martin Korsen
|

Klimakanalen 2040, - eit ledd i utstillinga ved Norsk Bremuseum. Foto: Norsk Bremuseum
|

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete åpnar den nye klimautstillinga ved Bremuseet 19.07.07. Foto: Norsk Bremuseum
|
| |
|