Kontakt
Norsk Bremuseum - Copyright: Kari Berglie Paauw/DN
Breheimsenteret
Breheimsenteret ligg lengst oppe i Jostedalen, med flott utsikt mot Nigardsbreen, ei av brearmane til Jostedalsbreen.

Skal ein vitje Jostedalsbreen nasjonalpark eller vandre på breen er Breheimsenteret eit greit utgangspunkt. I tillegg til å gje informasjon om nasjonalparken, formidlar senteret breturar i samarbeid med Jostedalsbreen Breførarlag.

Arkitektonisk er Breheimsenteret forma som to istårn med ein bresprekk mellom. Innanfor dei spondekte veggane finn du informasjon om is og bre, og då i første rekke Jostedalsbreen. Senteret syner også korleis menneska har tilpassa seg eit liv ved breen, og tilbyr utstilling om driftevegar, Jostedalsrypa og Svartedauden. Breheimsenteret vart opna i 1993 og autorisert som nasjonalparksenter for Jostedalsbreen nasjonalpark i 1997.

Målsetting
Breheimsenteret har som mål å gje besøkande verdifulle og interessante opplevingar av natur og kultur, og inspirasjon til å ferdast i nasjonalparken.


Tilbod
  • nasjonalparkinformasjon
  • utstilling basert på modellar og plansjer, som vektlegg den historiske utforminga av brelandskapet og lokal kulturhistorie
  • lysbileteserie som presenterer Jostedalsbreen og kringliggjande landskap gjennom fire årstider.
  • interaktiv presentasjon av Nigardsbreen (i samarbeid med Høgskulen i Gjøvik)
  • kafé
  • klatrevegg for born
  • internettstasjon tilgjengeleg for publikum
  • kulturelle kveldsarrangement i sesongen.
  • I samarbeid med Jostedalen Breførarlag tilbyr senteret turar med førar på Nigardsbreen og andre delar av Jostedalsbreen

Organisering
Senteret er organisert som eit aksjeselskap med ti lokale aksjonærar. 

Les meir på nettsidene til Breheimsenteret

 
Breheimsenteret - Copyright: Raul Bierach
Breheimsenteret mot Nigardsbreen. Foto: Raoul Bierach
Nigardsbreen høstmorgen - Copyright: Torbj Moen/Norsk Bildebyrå
Haust ved Nigardsbreen. Foto: Torbjørn Moen/Norsk Bildebyrå
Breheimsenteret interiør - Copyright: Breheimsenteret
Frå utstillinga om ferdsel på Jostedalsbreen. Foto: Breheimsenteret
Breheimsenteret_klatrevegg - Copyright: Breheimsenteret
Klatreveggen i Breheimsenteret er populær blant barn. Foto: Breheimsenteret
 


Breheimsenteret


6871 Jostedal
tlf: 57 68 32 50
faks: 57 68 32 40

e-post:
jostedal@jostedal.com

eigne nettsider:
www.jostedal.com

Lite kart Breheimsenteret - Copyright: DN. - Klikk på kartet for større kart